VI HAR PLASS TIL NYE FOLK

Posta: 02/03/2014 under Uncategorized

Koret Neo+ har plass til nye folk, særleg mannfolk. Vi øver i helgene rundt 7 gongar i året, og har ein handfull oppdrag og konsert med band i ny og ne. Bli med på ei øving og prøv! Ring til venleg_telefonstemme_sjef Trine Olsen (990 50 504) for å spørje, grave og avtale.

Guttebassane i NEOpluss

Guttebassane i NEOpluss

Advertisements

768x150-Kampanje2

NEO+ har lite pengar. Om du spelar, kan du hjelpe oss veldig med problemet: Gje grasrotandelen til rockekoret NEO+! Det er enkelt:

  1. Har du spelarkort frå Norsk Tipping? Det må du ha først.
  2. Gå til kommisjonæren, altså kiosken der du spelar … (eller Norsk Tipping via internett, SMS eller Norsk Tipping Mobilspill)
  3. Knyt spelarkortet ditt til «Rockekoret NEO+».

SÅNN HJELPER DET OSS:
Fem prosent av det du spelar for går alltid til frivillige lag. Du kan velje kven som får din del. (Om du ikkje vel nokon bestemt mottakar, betaler du inn uansett.) Om du spelar Lotto for hundre kroner, går fem kroner til oss. Og best av alt: Innsatsen din eller premien blir ikkje mindre.

PS: Grasrotandelen gjeld alle spela frå Norsk Tipping utanom Flax, Extra og Belago. Om du er verkeleg nysgjerrig / i tvil, kan du lese meir om grasrotandelen her.