Om NEO+

NEO+ liknar ikkje andre kor. Vi er den gjengen der eit fåtal kan «gud signe vårt dyre fedreland». Damerekka er gjennsomsnittleg meir fortruleg med mikk enn med klassisk korklang. Ein god andel av gutterekka har brei erfaring frå irske pubbar og metalkonsertar. Eit overveldande flerital har hengt i AUF og på Utøya ein gong mellom 1980 og 1995 – somme gjer det framleis. Til saman kan vi utenat alle visene syngi i arbeidarrørsla det siste halve århundret. Men då vi blei kor sist på 80-talet var det for å utvide kulturreportoaret i rørsla og synge rock – også kjend som populærmusikk. Derfor opptrer vi helst med bandet vårt, men har det gøy med berre gittarist også. Litt av reportoaret vårt i originalversjonar finn du her.

SOGA VÅR

NEO+ blei starta av AUF i 1987, songarane kom frå AUF og LO. Allsong og visesong var viktig i rørsla, men koret ville skape eit anna musikalsk uttrykk. Vi ville syngje låter med samfunnskritikk, henta frå kjende artistar. Så derfor fann vi diregent (Erlend Rasmussen), samla proft rockeband (leia av Bjørn Sandnes) og folk som likte å syngje.

Omkring 90 songarar var innom NEO+ fra oppstarten og fram til ca 1992, då koret gjekk inn i ei lang istid.
I 2009 blei det klart at AUF skulle ha et veterantreff på Utøya. Koret bestemte seg for å samle seg igjen for å halde konsert på øya. Responsen var super: – Det er ikkje mine talar folk hugsar frå Utøya, sa Jens Stoltenberg: – Det er songen de song og følelsene det utløyste:


(Her kan du se fleire opptak frå konserten på Utøya. Vi meiner sjølv vi er hakket meir reintklingande no, etter meir enn tre øvingar siste 18 år.)

Etter Utøya-konserten bestemte vi oss for å fortsette å syngje ilag igjen. Etter 22. juli 2011 kjenst det kan hende enda viktigare enn før. No er vi rundt 20 sangarar. Framleis har vi med oss ein god del av reportoaret frå første omgang – rock fra 70 og 80-talet, men stadig nye låter kjem til. Her kan du sjå reportoaret vårt i orginalversjonar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s