Etter to harde korona-år, var det ekstra fantastisk å treffe arbeidarsongarar frå alle nordiske land.
Mellom superkule finske damekor og eldre svenske arbeidskarer var rockekoret NEO+ med på å sette musikalsk og sosial farge på festivalen. Vi fekk også syngi i lag med dei andre kora i Oslo Arbeidarsangerforbund som var der: Vålerenga mannskor, Romerike damekor og Groruddalen arbeidarkor. Og jaggu kom ikkje danske kor for å få låne arrangementet vårt på den største danske arbedarsongen, Ung flagsang. Det er dirigenten vår, Erlend Rasmussen, som skriv alle arrangementa våre, og vi er stolte av klangen i det vi gjer!
Her kan du høyre oss synge på festivalfesten laurdag:
#Factory gates @Kaiser Chiefs